Vi skriv februar, og dermed kjem merkedagane tett som hagl på kalenderen. Samefolket sin nasjonaldag, morsdag, valentinsdag og fastelavn kjem nesten på rekke og rad. For oss i SFO betyr det mange fine høve til å skape stemning, fellesskap og gode opplevingar for barna.

Men må kvar dag ha sitt eige opplegg? Kan vi samkøyre noko av det vi gjer?

Svaret er ja.

Éi grein – mange feiringar

Vi presenterer vrihasselen, vår beste bjørke-erstattar.

Mange er allergiske mot bjørk, og då er det fint å finne eit alternativ som kan stå inne. Vrihassel er dekorativ i seg sjølv og gir eit godt utgangspunkt for ulike uttrykk gjennom heile månaden.

du treng
  • Vrihassel frå hage eller nærområde
  • Restepapp i ulike fargar
  • Saks og hyssing eller lim
  • Sløyfeband som kan tilpassast dei ulike merkedagane

Til Samefolket sin dag brukte vi flaggfargane. Til morsdag og valentinsdag heng vi på hjarte i varme fargar. Når fastelavn nærmar seg, kan nye fargar og band gi eit nytt uttrykk.

Barna får klippe, velje fargar, forme og bidra. Samtidig opplever dei at det dei lagar blir ein del av fellesskapet og av miljøet rundt dei.

Når barna får vere med og skape noko som blir synleg i rommet, styrkar det både eigarskap og tilhøyrsle. Aktiviteten gir også gode høve til samtalar om tradisjonar, omsorg og det å vise omtanke for kvarandre.

I SFO kan valentinsdag handle om vennskap, inkludering og små handlingar som gjer kvardagen litt varmare.

Inspirasjonsboks: Valentine i SFO 

Hemmeleg ven
Barna trekkjer eit namn og lagar eit kort eller ei lita helsing som blir delt ut samla.

Vennskapsvegg
Lag eit stort felles hjarte der barna skriv eller teiknar noko fint om ein venn eller ein god oppleving.

Komplimentrunde
Alle får skrive eller teikne positive ord til kvarandre.

Hjartejakt
Gøym papirhjarte med små oppdrag som «Inviter nokon med i leiken» eller «Sei noko fint til ein annan».

Les også

Sol av papptallerken

Enkel, billig og dekorativ

Les mer >>

Gratis golfbane

Tenk en helt egen - og ikke minst gratis golfbane på SFO! Ja det er fullstendig mulig, bare se på denne idéen.

Les mer >>

Jungelboka

Hva kan man gjøre med 26 aper, 35 barn, ni fugler,, 18 fjerdeklassinger, en SFO leder med pågangsmot og tid til overs og et positivt personale?

Les mer >>

Caprino i hundre, og dukker fri for tåfis!

Det florerer av jubileumsmarkeringar av kreative folk i år. Storhendingane kjem som perler på ei snor, og vi såkalla alminnelege får rett og slett berre servert lukka regelrett på sølvfat. I denne saka skal vi konsentrere oss om filmressigøren Ivo Caprino som var fødd 17. februar 1920, og som er mannen bak "levandegjeringa" av ein haug dukker i si eventyrlege verd gjennom tidene.

Les mer >>

BYEN ved Hannestad SFO

På vegne av redaksjonen i SFOnett ble jeg invitert til Hannestad SFO og deres utstilling «Byen». En utstilling basert på mange små prosjekter hvor barns medvirkning og «det kreative barnet» skulle stå i fokus.

Les mer >>

Gjenbruksjula, del 1

I veke 44 kvart år er det avisveke kring om på skulane. Den veka mottek vi haugevis med aviser. I staden for å kaste desse med ein gong etter ein har løyst dei daglege avisoppgåvene, så sender vi dei i miljøvenleg gjenbruksloop, og foredlar dei om til formingsprodukt.

Les mer >>

Gjenbruksjula – som musikk for augene! «Vi tenner lys i desember»

Kva skjer dersom ein som lever og åndar for musikk, ei som nettopp har pussa opp med fliser, ei som tilfeldigvis oppdaga lyslenkjer til ti kroner på Europris – og fleire som er gode på å samle, sortere og halde oversikt over dei rette skattane på lageret, samlast? Jau… då oppstår det magi. Og denne gongen enda det i magiske lysglimtglas!

Les mer >>

Topptur i lavlandet!

For mange høyrest overskrifta sikkert rett og slett heilt korka ut, og det er akkurat det som er heile poenget.

Les mer >>

Barneveiledaren - ein sjølvlysande unik blekksprut!

Har de nokon gong tenkt på det? Ikkje?Ikkje vi heller eigentleg, før tanken berre la seg der. Det er no vel ikkje noko som er meir sjølvsagt å samanlikne barneveiledaren med enn ein blekksprut!

Les mer >>