I veke 44 kvart år er det avisveke kring om på skulane. Den veka mottek vi haugevis med aviser. I staden for å kaste desse med ein gong etter ein har løyst dei daglege avisoppgåvene, så sender vi dei i miljøvenleg gjenbruksloop, og foredlar dei om til formingsprodukt.

Avisene har sjøvsagt årelange tradisjonar med å bli måleunderlag for å bevare benkar og bord, men ved fleire høve vert også avisene trylla om til flotte julegåver. I år sikra vi inn avisene til eit samarbeidsprosjekt i første trinn og SFO. Resultatet vart dei flottaste rive-juletre til å henge på veggen, samt at borna både hadde godt arbeid med å klippe ut sine bokstavar til namnet sitt og fekk gratis klippetrening på kjøpet. Nesten som tre gleder i eit Kinderegg...

Også maisboksar vert trylla om til argaste julepynt i vår base.

I år gjekk vi for reinsdyr-Rudolfar i stor flokk. Tidsbruk på desse oppgåvene var kring to timar på kvar aktivitet, inkludert opprigg og nedrigg. Vi hadde då 20 glade born i sving, samt 2 vaksne med kvart sitt sett blekksprutarmar...

 

 

 

Til desse aktivitetane treng du:

Avis-juletreet

  • Ei avis, gjerne lokalavisa. (I vårt tilfelle Nyss og Sunnmørsposten)
  • Grøn pappkartong i A4-størrelse til å lime treet på
  • Litt raud kartong til å lime namn på
  • Utstansa snøkrystall som stjerne
  • Grillpinne til trestamme
  • Kvitt passepartout
  • Limpistol
  • Limstift
  • Saks

Reinsdyr-Rudolf

  • Saks
  • Skulelim
  • Limpistol
  • Målepensel
  • Ei tom maisboks
  • Litt hampetau til sløyfe
  • Eitt sett "levande auger"
  • Ein raud ponpong til nase
  • Brun måling til å måla boksa med
  • Litt brun kartong til kropp og tagger på horna
  • Litt dacron eller bomull til å fylle ned i maisboksa som snø
  • Ein stk. julestokk til kvart reinsdyr (vi kjøpte pakkar på 20 på Europris)

Då er det berre å lime saman delane slik du får trylla fram eit avistre og ein Rudolf i særklasse!

God jul i fjøs og skjul!

Gjenbruksjula, del 2 les her

Legenden om de fire lysene!

Forrige juleavslutning fremførte våre barn dette diktet. Det var ikke et tørt øye i lokalet. Jeg vil gjerne dele det med resten av SFO-landet, for jeg vet hvor vanskelig det kan være å komme på nye ideer til avslutningene.

Les mer >>

Julenissen blir også glad for julekort!!

Lyst til å skrive kort/brev til julenissen som fellesaktivitet/dugnad i SFO. Underteikna har kosa seg med denne aktiviteten ilag med barna mange gangar....og gjett, vi får alltid svar frå nissen.

Les mer >>

Litt klossete

Kring om på skuleområdet ved Hundeidvik Privatskule er der stadig "god fiskelukke og flotte fangstar" i form av treverk og anna spanande "kapp". Slike gullskattar som mange ser på som skrot har vi i SFO sjølvsagt gode auger for å sjå verdien av.

Les mer >>

En hjertelig julekalender

En historie om hvordan ideen til en annerledes julekalender dukket opp. Et godt råd fra en barnehage.

Les mer >>

Julestemning

For å sette oss i julestemning har Monica sendt oss et bilde av adventskalenderen deres.

Les mer >>

Her er noen av årets julekalendere.

Årets julekalendere er i boks. Tusen takk for gode forslag, til nytte for oss alle. Det er fantastisk artig at dere har tatt utfordringen.

Les mer >>

Dekorative pepperkaker

Vi har fått oversendt et godt forslag til hvordan pepperkakene rundt om kan bli enda mer innbydende.

Les mer >>

Julekalender

I år begynner vi julen like tidlig som julemarsipanen kommer i butikken. Vel, så ille er det ikke, men vi må begynne å planlegge litt snart. Her er en utfordring.

Les mer >>

Ispinnefigurer

I denne aktiviteten er det ispinner som er hovedmaterialet. Dekorasjon finnes sikkert i SFO fra før.

Les mer >>